tirsdag 20. januar 2009

en lapp her og en lapp der



her ser dykk starten på eit babyteppe gutt og eit voksenteppe i restegarn. dette er resultatet på 1 veke + litt meir på babyteppet. Eg strikker babyteppet berre i fritid på skulen så det går ikkje like fort, men voksenteppet er litt stort til å strikke på på skulen. Oppdateringar følger etterkvart.:)

onsdag 14. januar 2009

Veldedig strikking

Eg har blitt med på eit prosjekt der me strikkar til ei hjelpesending til Lithauen. Det er ingen organisasjon men ei dame frå holmestrand som har gjort dette dei siste 15 eller 20 åra(eg hugsar ikkje heilt)

Det er damer på nettby som har satt i gang dette, og eg er sjølvsagt med på dette. Har nesten strikka ferdig eit babyteppe no. Då eg fann ien om å strikke eit teppe på litt tjukke pinnar 4 med superwash garn. Eg brukar alt mulig garn og teppe skal bli så stort at ein kan ha det over seg eller brette det dobbelt slik at det dekker fanget.

Eg strikker i alle verdas fargar i restgarn. Om du har nokre restar liggand å slenge som du ikkje får bruk for blir eg kjempe glad for dei. Det er då ikkje så viktig kor stort det er eg tar i mot små og store restar.

skriv ein kommentar i posten så sender eg deg ein mail med adressa mi.
Eg lover bilete av teppet under produksjon.
:) ein bra måte å bli kvitt restar på.

søndag 11. januar 2009

strikking i høsten






Endelig oppdatering er ikkje det at eg ikkje har strikka har strikka masse. Her kjeme masse fine bilete av litt forskjellig. Har holdt på med litt fleire prosjekt men dette er dte som er ferdig.