mandag 18. mai 2009

Thermis dilla?







Har vore litt treig med oppdateringane, har tross alt hatt eksamenstid. Men til tross for lesinga har eg rokke å strikka litt, her er resultatet av dei siste vekene på pinnane. Det som ser grågrønt ut er egentlig meir grønnturkist. Settet med hjerteknappar i grågrønt er barnestørrelse, ellers er alt voksen størrelse.
Ellers så kan en vel seie at eg har fått litt thermis dilla.

mandag 13. april 2009

påskestrikk





Har hatt ei god påske ferie, tok meg heilt fri frå lesinga og lot pinnane danse fritt.
SÅ her er resultatet, det kvite settet med blomstrane er ei julegåve(alltid tidlig ute;))
Då eg strikka settet i gult med vottane og dei brune knappane, var det ei lita prinsesse som fant ut at ho ville ha ei lita lue så då fekk ho det da. Medan eg strika den besøkte eg ei vennine som ville ha ei hue med oppbrett det er den på bilete av meg med lukka auge. Dina med det røde håret likte mønsteret så godt at ho også ville ha ei lue.
Settet i gult og det i kvitt er til julemarkedbunken.
No har eg eit par lilla sokker til Trine på pinnane, dei er nesten ferdige hell på med hælen til den siste no.
Den er også med det enkle strukturmønsteret som mange kanskje kjenner frå halsen thermis, eg likte mønsteret så godt at eg har brukt det på veldig mykje forskjellig. enkelt men dekorativt er nøkkelordet

mandag 30. mars 2009

flettesjal nummer 2



her er sjal nummer 4 dette skal også til Lithauen. og blir mitt siste bidrag i denne omgangen.
No blir det start på julegåvestrikking og julemarkedstrikking. Eg og line har nemmelig bestemt oss for å delta på eit julemarked i dag. Så no blir det flittig strikking framover.

torsdag 26. mars 2009

luftige masker



Enda et sjal som skal til Lithauen. Har strikka dette i alpakka og mohair på pinne nummer 12.Ny erfaring men sjalet varmer godt og er lekkert i fargen. Veldig luftig og fint, men like varmt som dei to andre sjala

tirsdag 24. mars 2009

sjal i flettestrikk




skal til Lithauen. er ganske fornøygd med resultatet, oppskrift etter eget hodet

tirsdag 17. mars 2009

Litt masse trådfesting




Etter ein lang kveld med trådfesting sit eg her no og kan leggje ut bilete av jakka som skal til lithauen og eit sjal som ikkje er festa trådar på enno som eg laga sånn innimellom trådfestinga. No er det knappar og det meste er klart for å bli sendt til candy.
Sjalet skal til gamleheimen i lithauen men må festast trådar på det også, sukk.

fredag 27. februar 2009

hjemme igjenn



Har hatt tre strikke frie dager i Paris, så nå skal pinnene frem igjenn. men før jeg dro blei jeg mandag ferdig med jakka til den lille til Casndy. Sånn ser den ut, skal få tre knapper når jeg fester endene. poster også et bilde av alle lappene mine, de er nå trygt plassert hos snille Imse.

torsdag 19. februar 2009

Vinterferie overraskelse



Lovet en overraskelse til damene i nødhjelp gruppa når jeg kom hjem.
Her kommer den. dette er produksjonen etter turen. Lager også votter til det rosa settet som er i størrelse 4-5 år jente. Setttet i orange er i størrelse 3 år og til Candy sin gutt.

torsdag 5. februar 2009


Her er siste ukers arbeid nå er det 80 cm brett og 192 cm langt.

:)
så gøy når ting går fremmover.

tirsdag 20. januar 2009

en lapp her og en lapp der



her ser dykk starten på eit babyteppe gutt og eit voksenteppe i restegarn. dette er resultatet på 1 veke + litt meir på babyteppet. Eg strikker babyteppet berre i fritid på skulen så det går ikkje like fort, men voksenteppet er litt stort til å strikke på på skulen. Oppdateringar følger etterkvart.:)

onsdag 14. januar 2009

Veldedig strikking

Eg har blitt med på eit prosjekt der me strikkar til ei hjelpesending til Lithauen. Det er ingen organisasjon men ei dame frå holmestrand som har gjort dette dei siste 15 eller 20 åra(eg hugsar ikkje heilt)

Det er damer på nettby som har satt i gang dette, og eg er sjølvsagt med på dette. Har nesten strikka ferdig eit babyteppe no. Då eg fann ien om å strikke eit teppe på litt tjukke pinnar 4 med superwash garn. Eg brukar alt mulig garn og teppe skal bli så stort at ein kan ha det over seg eller brette det dobbelt slik at det dekker fanget.

Eg strikker i alle verdas fargar i restgarn. Om du har nokre restar liggand å slenge som du ikkje får bruk for blir eg kjempe glad for dei. Det er då ikkje så viktig kor stort det er eg tar i mot små og store restar.

skriv ein kommentar i posten så sender eg deg ein mail med adressa mi.
Eg lover bilete av teppet under produksjon.
:) ein bra måte å bli kvitt restar på.

søndag 11. januar 2009

strikking i høsten






Endelig oppdatering er ikkje det at eg ikkje har strikka har strikka masse. Her kjeme masse fine bilete av litt forskjellig. Har holdt på med litt fleire prosjekt men dette er dte som er ferdig.