onsdag 14. januar 2009

Veldedig strikking

Eg har blitt med på eit prosjekt der me strikkar til ei hjelpesending til Lithauen. Det er ingen organisasjon men ei dame frå holmestrand som har gjort dette dei siste 15 eller 20 åra(eg hugsar ikkje heilt)

Det er damer på nettby som har satt i gang dette, og eg er sjølvsagt med på dette. Har nesten strikka ferdig eit babyteppe no. Då eg fann ien om å strikke eit teppe på litt tjukke pinnar 4 med superwash garn. Eg brukar alt mulig garn og teppe skal bli så stort at ein kan ha det over seg eller brette det dobbelt slik at det dekker fanget.

Eg strikker i alle verdas fargar i restgarn. Om du har nokre restar liggand å slenge som du ikkje får bruk for blir eg kjempe glad for dei. Det er då ikkje så viktig kor stort det er eg tar i mot små og store restar.

skriv ein kommentar i posten så sender eg deg ein mail med adressa mi.
Eg lover bilete av teppet under produksjon.
:) ein bra måte å bli kvitt restar på.

Ingen kommentarer: